BLOGGEN ENDRER NAVN!


God morgon finingar!

No er bloggen klar for besøkande, og første innlegg er lagt ut :) Spent på om de likar der nye designet!

Denne bloggen blir Frå no av ikkje lenger brukt!

Søk opp bloggen på Facebook og lik sida mi!:)

Marlennaess.com    fra no av!:D

Byter plattform!


Hei alle!

Bloggen her på blogg.no begynnar bli nokre år, og eg vil difor byte plattform og gi den ein oppussing!

Eg har planar i vente, og det kreves då ei finare og meir oversikteleg side, der er har blogg, samt som eg kan tilby tjenester :) Eg Gledar meg!

Bloggen her blir ikkje sletta med det første, då det er masse oppskrifter osv her. Bloggen/heime sida er fortsatt "in progress" so eg deler ikkje denne heilt ennda!

Følg med, eg legg ut link til den nye sida så snart eg har fått den heilt klar! :)

Foto: Morten Lindborg
Mua,assistent: Iselin Solbakken

Summer vibes


Hei kjente og kjære!

Veit det er lenge sidan sist, det virka som bloggen nesten syng på siste verset no, tida strekk ikkje til,og andre ting blir prioritert enn media. Som eg har skreve før blir instagrammen min meir brukt som ei lita "dagbok" av dagen min, de kan følge meg der om de treng tips til mat samt få motivasjon til sunnare livsstil :) @marlen_naess 

Denne helga har vore super. Eg har hatt frihelg og har difor fått tid til mykje, og litt avslapning:) Fredag var eg ein tur til kiroen min, som har faktisk friskmeldt kneet mitt no!:) Eg har starta i det små på knebøyen igjen, med usle 30 kg og virkele ass to the gras. Det er tungt nok med den vekta og 10 rep når eg har vore vekke Frå det i fleire månadar:) Snart er eg oppe på 60-70 tallet igjen!:)
Målet er å bli sterkare i bein muskatur no.

Lørdag lagde eg og søstrene mine pizza Frå bunnen av. Grov pizzabunn med mjøl er ikkje noko eg har laga Før.  Den blei god!:) Alder meir kjøpepizza ;)

Me har óg fått tid til litt fjelltur og trening på bingohuset :)

Virka som det blei litt masse for Lilo i akkuratt det sekundet her:)

Før trening i dag,rakk me å lage ein bolle deig som fekk stå å heve til me var ferdige på bingohuset. Bollane blei satt i ovnen når me kom heim. Kva er betre enn kveitebollar med rosiner i?:)

Har vore slikt herleg sommarvér i dag,  so lunsjen blei teke ute i hagehuska vår:)

Håpar alle har hatt ei fin helg! :)

M.

Falaffel oppskrift


 

Hei ! 

 

Falaffel er noko eg har villa prøvd lenge, då eg for første gong smakte det på Ikea, faktisk, og syntes smaken var veldig god, samt litt spesiell. Eg er ein person som er veldig glad i spesielle eller uvande smakar  ;) Dette er veldig godt! Det er vell ein type vegetar rett seiest det. Det innehelg masse protein samt litt karbohydrater. Falaffel er laga av kikkertar med sterke kryddersmakar.

 

Eg fant ei ca grunnoppskrift på det, men endra litt på ho.

 

Falaffel

1 boks kikkertar

1 strøken ts chillipulver

1 strøken ts cumin krydder

1 strøken ts kvitløkskrydder

litt havsalt

timian om ønskeleg

1 ss havremjøl

1/2 egg

 

Renn av vannet av kikkertane og skål dei godt. Ha dei på eit handkle eller tørkepapir og tørk vekk forsiktig vannet av dei.

Ha kikkertane i ein blender og kjør dei til ein jevn masse.Tilsett egg og det tørre og Mix til det blir ein jevn "deig".

Form til små kuler som du trykker litt flate og steik dei på medium varme i panna med olje. 

Held til ca 2 porsjonar.

 

 



 

Dei blir mjuke og gode inni, full av smakar :) 

Det er veldig godt med coscos og wok til og kvitløksdressing, det var det eg fekk første gongen eg smakte det :) Men det gjekk i hurten og sturten då denne lunsjen skulle lagast. Funkar greitt med eit egg og grønnsaker til og ;) 




 

 

I går hadde eg første økta mi på nytt program igjen. Dei siste månadane har eg bytta program kvar 3 - 4 veke for å ha variasjon.

Dette er siste fase av programmet. No er det ein 4 splitt eg skal trene nokre veker fram over, der det er 1-2 muskel grupper som blir trent kvar økt.

I går trente eg bryst og tricep :

 

Benkpress

Skråbenk

skrå flies

flies ( skulle hatt crossover her )

smalbenk

trieps extension

pushdowns

 

I begynnelsen av økta trente eg fra 4-6 reps, som er litt uvant. Kjenner eg har droppa litt i benk dei siste månadane, so får håpe det kjem seg raskt igjen :) 

 

Har ikkje oversikt over kva som står på planen idag, men trur det var ei bein og mage økt, som eg da må erstatte med programmet eg fekk frå kiroen min.

Skal prøve å få filma nokre av øvelsane eg gjer her, som gir god kontakt med rumpemusklaturen, og som er til for å styrke den.

 

 

 

Ha ein fin tirsdagskveld ! :) 

 

M.

 

 

 

 


 

Helgeupdate


Hei folkens :) 

 

Langhelga har vore fin den! Ein liten Sogndalstur i går, med litt shopping, cafèkos og vårstemning i lufta. Når ein for første gong på året kan sveive ned ruta med sol i fleisen og gomusikk i bilen - Då er det vår! 

Men DET snudde fort. Blei deprimert då eg såg ut glaset i dag og snåg den stygge snøen var tilbake. Men men, me er berre i mars ennda.

Det var vertfall nydleg vér i går, og me kosa oss! :) 

 

Når me er i Sogndal på handling, et me alltid lunsj på Cafè Prego. Dei har den beste kyllingsalaten ever. 

Insalata di pollo, trur eg den heiter, om du stikk innom der og vil prøve :) 

 

 





 

 

 


 

 

,

På fredag testa eg ut Linda Stuhaug sine havrebollar. Dei var kjempe gode! Passar fint til både frukost, lunsj og kvelds :) 

Oppskrifta finn du her :  http://lindastuhaug.blogg.no/1426841891_raske_og_enkle_havrer.html

 

I går kveld koste me oss med  reker og loff til kvelds, etterfulgt av brownies og is. Var so mett at eg knapt kunne stå oppreist etterpå..

 

Me løyvde litt reker, og det blei difor litt eggesalat som pålegg til frukost i dag på havrebrøda mine :)

Eggesalaten lagde eg enkelt ved å skrelle litt reker, koke 1 egg, ha 1 ss mager kesam i ei skål. Blandar alt i lag og har på eit ryss med havsalt og dill. Kjempegodt og enkelt! 




 

 

Testa ein ny proteinbar i går fra Maxim, med lakris smak!  Eg elskar lakris over alt på jord, so denne var garantert godkjent! :) 





 

 

Føler det blir ein ellers so slapp søndag i dag. Ei treningsøkt seinare skal eg få til men :) 

Søndagar er alltid kjedlige, vertfall når det er dårleg vèr ute.

 

 

M.

 




Dyrt med nettcoach?


Er det dyrt med nettcoahing? Når tenker du å stille igjen? Dine mål framover? 

 

Eg tek føre meg nokre spørsmål eg har lyst å svare på..

 

Om ein vurderar å kontakte ein PT eller kostholdsveiledar, burde ein sjå på ønokomien sin først. Nokre kan vere dyre, og du må  regne med å betale alt fra 2000 - 4000 for eit par månadar.  

For meg var fekk det koste det som koste ville, ein ting var greitt, eg ville få den draumen oppfylt. Det er rart kor ein kan skrenke på budsjettet for å få råd til den personen som kan føre deg til ønsket ditt :) 

Eg trur eg betalte rundt 3500,- for eit par månadar med diett og trening, heile den pakka. Er det kun eit treningsprogram og 1 diett du vil ha, er det nok rimeligare. Det er dyrar når ein skal konkurrere, og diett og trening går over mange månadar. 

På den tida eg hadde Vibeke som coach, var eg veldig heldig, fordi eg hadde egentleg ikkje noko kostnadar på leige av hus på den tida. Då hadde eg itt ekstra cash, som eg heller brukte på å ha ho. Eg trur eg hadde slitt litt meir no, med eigen leilighet og billån. Men hadde eg vilja, skulle eg klart å fått det til no og :) Det handlar om prioriteringar! 

 

Ikkje lat kostnaden hindre deg å nå målet og draumen din! 

Det heile er verdt det til slutt, og er ei opplevelse for livet!  Tenk på historia du kan fortelle når du blir bestemor ein gang! ;)

 

 

Vil eg stille igjen ? 

 

JA! Det er absolutt noko eg  kunne tenkt meg å gjere igjen. Det var ei flott reise, og eg har lært myykje.

Men eg stille ofte spørsmålet til meg sjølv, ville eg klart det ein gong til ? Alt det slitet, alt eg måtte velge vekk,har kroppen godt av det ? Sannheita er at no veit eg kva eg går tilbake til om eg no stiller igjen. Til tider var det jo hardt, men det SKAL det vere i den sporten! Ein må virkeleg digge heile prosessen om ein skal konkurrere til ei kvar tid. Det er ein livsstil.

Mtp. dårlig kne og usikkerheit, har eg lagt det litt på is, til eg virkeleg får motivasjonen igjen! 

Eg er vertfall glad eg gjorde det 1 gong :) 

 

Måla mine no?

 

Eg har ingen spesifikke mål i sikte. Akkuratt no er det berre å bli frisk igjen i kneèt slika at eg kan bygge litt underkropp igjen. 

Å ha ein sunn kropp og sinn er viktigare enn å streve med å komme seg på scena igjen, med lav feitt%.

 

Ein lykkeleg kropp er det viktigaste! :) 

 




Frukostfavoritt og nytt kjøkkenredskap


Heisann! 

 

Endeleg var det på tide med langhelg igjen. Starta dagen med ein liten gåtur med Lilo før frukost i duskeregnet.

Etterpå lage eg  havrepannekaker/skiver med ost og skinke på. Dette er ein favoritt hos meg. Kan ikkje kalle det pannekaker heller, då det ikkje smakar som det, men dei liknar utsjånedsmessigt :) Dei er knallgode ! 

 

Eg har delt oppskrifta før, men deler den igjen slik at de slipp leite! 

 

Påleggspannekaker av havregryn

1 kopp havregryn

1 egg

1/2 ts bakepulver

1 ts fiberhusk

eit par dryss havsalt

1 ts sukrin

Litt timian krydder

vatn til passleg konsistens.

Rør alt godt i lag og lag 3 pannekaker i panna.

På desse har eg phiadelphia light,avokado,lett ost og skinke. Sylteagurk høyrer med ;) 

 





 

 

Her om dagen rauk foodprosessoren min og eg måtte på leit etter ein ny,kraftigare ein. Mandelsmøret mitt tok knekken på den andre då motoren vart overoppheta og sa kaboom :)  Denne frå OBH nordica håpar eg tåler ein støyt. Masse fancy greier med han, som eg gledar meg til å prøve! 

Tenkte eg skulle prøve på ein ny runde med peanuttsmør, men haha, mandlane klarde eg å brenne i ovnen, så dei måtte hyvast. Prøver igjen seinare når eg har kjøpt meir :) Kløne..





 

 

 

Seinare i dag blir det ei lita beinøkt på gymmet. Eg er i full gong med øvelsane eg har gått frå kiropraktoren, og eg føler eg blir betre. Knebøy med strikk og kroppsvekt går flott, ingenting å kjenne i kneèt ennda. Om eit par veker skal eg til kiroen igjen for å høyra kva ho har å sei. kanskje eg får lov til å prøve ut markløft og knebøy MED vektstang denne gongen :) Eg har vore vèl 2 månadar utan ordentlig beintrening. Merkast på kroppen. Ting er ikkje like stramt som det var før etter at eg slutta med beinøvelsane, haha, men det tek me igne seinare ;)  Får heller ta fokuset vekk frå muskelbygging der, og fokusere litt meir på kondisjons trening  istaden. Sykle litt meir kanskje, det blei eg anbefalt av kiroen min, men eg er ikkje særleg flink til det. Kjedleg er det og, men ein får igjen for det :) 

 

Håpar alle får ei flott helg, eg kjiker innom igjen seinare :) 

 

M.

 

Erfaringar med nettcoach + Salatfavoritt


Hei folkens! 

 

Har fått satt kyllingen i ovenen som skal bli lunsj imorgo med litt wok, og har difor tida til litt blogging her :) 

 

Noken lurer på om eg vil anbefale coach via nett, og korleis det var for meg :) 

Nettcoaching er blitt ekstremt populært, og delvis pga det er litt enklare og dei som er coach kan ha kundar på samme tid, og dermed tjener dei òg meir på det. Nettcoaching er jo genialt, dei er der for deg om det er noko du lurer på, og du gjer som du får beskjed om og diettane sendest via e-mail. Treningsprogram og diett skriv ein berre ut og har med seg, slik at ein til ein kvar tid veit kva som skal etast og kva som skal trenast den dagen. 

Eg følte eg hadde ei go oppleving med det, samtides, var det det einaste valget eg hadde. Her eg bur er det ingen PT-ar som kan trene nokon opp til å stå på scena, mtp. diett og. Dermed må ein ut å søke i verden etter coachar som jobbar via mail og nett. I byane er dette mykje meir vanleg og det er enklare å stikke innom desse klubbane som har coachar tilsdades for å tildømes prate om eit problem, eller forklare noko. 

Minuset me nettcoaching er vell at ein ikkje får møtt denne trenaren so ofte, og pratt skikkeleg ut om diverse ting som kjem opp under denne perioden mot konkuransen. Det kan ofte vere vanskeleg på diett, eller det er øvelsar som må bli ordentlig forklarte og ikkje minst det om teknikk trening. Ein må få nokon andre til å skjekke om teknikk i øvelsar er rett.

Trenaren bur kanskje langt vekke, og du må reise langt for å ha formskjekk. Sørg for att du finn ein trenar som er nermast deg, og som du veit er flink!  Sjå gjerne på tidlegare jobbar han/ho har gjort.

Du må stole 100 % på trenaren din, at han/ho får deg i form til konkuranse. Du må ete det som står på planen din og trene det som står i programmet. Sjølv om du kanskje stussar over det, og tenkjer at det feks. var masse mat, so ET maten din! For det er det som skal til ;)  

Neste gong eg skal stille må eg nok finne ein som bur nermast mogleg meg. Då kan ein oftare reise på formskjekk, og klubbmøter og liknande. Det er eit stort +! 

So om du tenkjer å stille i konkuranse, er valg av trenar veldig viktig! :) Det er òg viktig at du å trenaren går godt over ens  :) 

 

Eg er glad eg hadde Vibeke den gongen, og eg angrar ikkje eit sekund :) 

 

 

 

Er det noko anna bed konkurransen de lurer på, so spørr meg! :) Håpar det som lurte litt på dette blei litt klokare til sins! 

 

 

Eg har fått dilla på ein knallgod kyllingsalat som eg lagar meg om kveldane. Det er alt muleg rart i han, men det er det som gjere han so digg! ;)

Fyller ei skål med salat, og har 1 ss med cottage cheese over. Skjærer opp litt avokado og rødløk som eg strør over. Steiker opp litt kylling som eg krydrar med havsalt,pepper og kvitløkskrydder. Har kyllingen oppi ein liten kopp og tillsett 1 ts grøn pesto og røre godt saman. Har kyllingen oppi salaten og drysser så litt rista gresskarfrø over. Eg har og i sylteagurk eller rødbeter om eg har det :) Nokre gonger og litt feta ost.

Det er skikkeleg snadder ! 





 

Gårsdagens salat blei toppa med eit egg :) 




Siste dag på jobb imorgo, so tek eg langhelg! :D Håpar eg får sool på fridagane mine ! :) 

 

M. 

 

 

Helgekos


Heisann!

Etter jobbhelg og fest på lørdag, har eg ikkje fått besøkt bloggen før no. Helga var super og eg har kosa meg masse, som eg håpar de har og! :)

Gårsdagen blei nokso lat og stille sittande. Fylleangst og fyllasjuk gjorde til at eg mest holdt meg inne og ein liten tur hit til mamma og dei.

Eg såg sikkert 10 episodar av Pretty Little Liers på Netflix i går, haha :)

Seinare om kvelden reiste eg og søsta på  ein liten køyre tur til Sogndal. Mest fordi eg var so gira på Ben & Jerry's is. Eg kan gjere mykje for å gå tak i ein boks med det!

Is og snop gjorde resten av kvelden perfekt:)  Det blei tidleg kveld på meg for å ta igjen dei tapte timane med søvn.

Veret er strålande om dagane, og eg håpar me ikkje brukar fin veret opp før påske! Ser skikkeleg fram til påskeferie! :)

M.

Havrepannekaker med pålegg


Heisann!

Om det er fleire enn meg der ute som ikkje kjøper brød, eller generelt ikkje et brød pga. mjøl,sukker osv. er det veldig fint å ha alternativ som kan erstatte brødskiva. Grunnen til at eg ikkje kjøper brød på bui er kun fordi at magen min ikkje er so glad i det. Eg tåler gluten og alt det der, men føler meg dårleg om eg har innteke brødmat med kveitemjøl.

Eg har lagt min store elsk på havregryn og mykje av det eg baka inneheld dette.

I dag prøvde eg å lage havrepannekaker som kunne egna seg til pålegg. Desse er ikkje spesielt søte, og smakar havre. Dei blei tjukke og gode akkuratt som eg håpa på:)

Oppskrifta kjem her :

40 gr havregryn
1 egg
1/2 ts bakepulver
Litt salt
1-2 ts sukrin
1 lita ts fiberhusk
Litt vatn

Rør alt i samen og steik på medium varme. Eg fekk 3  tjukke pannekaker :)

Når eg steiker pannekakene brukar eg PAM spray som inneheld berre 1 kcal.  Eg brukar óg ofte cocosa til å steike i, om du har det.

BCAA Shots - Enklare å innta før trening


HEI ! 

 

Vart so glad i dag tidleg når eg såg sola skein igjennom gardinene her og ned på dei fine bursdagsblomstrane mine! Synd eg ikkje hadde fri i dag, då skulle dagen ha blitt delvis ute :) 

 

 

 

I dag fekk eg pakke i posten fra fitnesskost.no , som er BCAA i tygge tablettform, som er supersmarte å ta med seg i baggen om du har dårleg tid til å drikke den i flytande form, eller enkelt og greit er på farten. Eg har gjort det til ein vane å innta BCAA før trening, om det er styrke eller kardio. BCAA er veldig viktig for at det ikkje skal tære på muskelmassen, den vil me jo beholde. :)

På kjøpte for nokre dagar sein levering fekk eg med 1 fruktbar av dadlar,rosiner og cashew nøtter. Utan sukker og andre tilsettningar! Eg ser for meg at den er super å ete etter trening for raske karbs :)

Eg fekk og med ein liten pakke med rosiner med ananas ekstrakt i, som og er utan nokon tilsettningar :)  Merket er Nakd. 

 

 

 



 





 

I dag har eg treningsfri, og tenkjer at det berre blir ein liten gåtur med søss og Lilo.

 

Etter jobb i dag lagde eg ein av mine favorittar, og som og er dei raskaste å lage. Truleg difor dei er ein av favorittane mine ;) Alt smakar jo godt når det rumlar i magen! 

 

Kylling steikt med krydder, 3 speltlomper og salat. Hadde og ein 1/2 avokado som eg fant meg etter bildet blei tatt :) Avokado er magisk ved sidan av dette! 




 



 

 

I går hadde eg ei lita "beinøkt". Vil ikkje heilt kalle det dèt heller, det er ei økt som eg fokuserar på å trene opp igjen kneèt og rumpemusklane på.

Øvelsane har eg fått av min flinke kiropraktor. Eg er visst svak i glutes maximus og spesielt på høgre sida. På høgre sida vil ikkje lår musklane og glutesa jobbe heilt i lag. Truleg difor har eg fått kneskade. Øvelsane er soo enkle, eller det SER altfor enkelt ut. Men fy, eg har alder prøvd øvelsar som tek SO på rumpa før. Djiiis.

Eg kan prøve å filme deler av økta for dikka ein dag. Men den blir lagt ut på instagrammen min i tillfelle :) @marlen_naess

Ein av øvelsane er knebøy med kropsvekt, kun ein strikk som eg har rett øve knea. Strikken skal hjelpe til å bruke rumpemusklane meir og dei blir meir aktivert ved denne metoden.  Eg står breidt i denne øvelsen og går ned djupast muleg. Før eg reiste til kiropraktoren hadde denne øvelsen gjort grise ilt. Eg er so glad eg ikkje kjenner noko ennda når eg gjer slike øvelsar. Men det kjem fortsatt til å ta tid før eg krabbar meg tilbake til racken og tek ordentlige squats der, men eg er på veg! :) 

 

2 dagar etter denne "beinøkta" som eg pleier å ha, er lår og rumpemusklatur heilt krast. Tydleg at dette ikkje er musklar som eg har brukt i det siste :) 

 

I går fekk Lilo ei forsinka bursdags kake, den blei slukt på 1-2-3! 

 

 

 

 

Kvit sunnare pizzabunn - Og min nye twin!


Heisann ! 

 

Fekk akkuratt eit  lite slag i trynet (føltes det som). Eg oppdaga på søndag morning att fleire av eigarane til det kullet Lilo var i, la ut bilder av dei og at dei var blitt 1 år gamle. Det er jo ikkje før neste helg? Det sto det nemleg i papira. Sendte fort ein melding til ei av dei, og det viser seg at det har skjedd ein liten feil der, dei har ikkje bursdag 14. Mars, men 7 mars! Som er på bursdagen min! 

Går det ann? Haha, kor artigt er ikkje det! :) Men følte meg som ei dårleg mor då eg fant det ut, stakkaren har ikkje fått pakke eller hundekake av meg! Hehe, me får utsette det litt, so imorgo blir det kake til frukost på ho :) 

 

Eg og Lilo er herved twins ;) 

 

Etter ein liten gåtur med Lilo var eg skrubbsvolten når eg kom heim. Ein billeg og sunn middag er havregrynspizza. Denne smakar godt og bunnen er kjempegod! 

 

Til 1 porsjonspizza treng du : 

 

40 gr havregryn

1 eggekvite

1 ts fiberhusk

1/2 ts bakepulver

pizzakrydder

havsalt

1 ts sukrin

Vatn til passleg konsistens, den skal kunne smørjest på bakearket.

Bland alt sammen  og smør på eit bakeark og steik i ovnen på 200 gr i 10 min.

 

Ta den ut og lat den kjølne litt.

Til saus brukte eg 1 ss tomatpuree og 1 ss kesam med litt av alt av krydder.

Smører denne på og har på ca 130 gr karbonadedeig og eit par skiver ost.

Steik i 10 nye minutt eller til osten er smelta/gylden.



 

Til pizzadressing brukte eg 1 stor ss mager kesam og 1 ts pesto som eg blanda i lag. 



 



 

 

No skal eg snart springe på trening, bryst,tricep står på skjema i dag! :)

 

Snakkest seinare! 

 

M.

Birthdaygirl


Heihei! 

 

I går vart eg heile 24 år, tida går alt for fort. Skulle helst ha vore 20 for alltid.

 

Dagen starta med ei styrkeøktmed Rikke på gymmet, etterfulgt av husvask til mamma og dei kom. Litt feiring må ein ha :) 

Rikke laga oreo kaka dagen før, som btw var sinsjukt god. Søtt skal det vere! ;) 

Til lunsj og middag blei det egentleg berre kaker og lappar, me løyvde ein del, mesteparten har eg sendt opp til pappa. Han er minst like søtsugen som meg :) 

 

 

Sidan leiligheten ikkje har vore reinare og finare, deler eg litt bilder av korleis eg har det :) 

 

 



 

Herleg med blomster i fine fargar, eg er klar for vår!







 

Igjen, so har pappa laga bløtkake, denne gongen med 24 flotte lys på! :) 



 



 



 

Var fleire som likte denne kaka :) 

Tiggo er på plass.



 

Litt av kjøkenet mitt, fylt med hærlege kaker! 

 

Prinsesse kake må vere min favoritt, herregod kor god mamma si er. Gjærbakst er best! 

 

 

Kvelden ellers blei roleg. Litt film og godis høyrer med på lørdagar. Det blei det eg kan kalla ein skikkeleg oppkarbingsdag, perfekt bursdagsfeiring !;) 

 

Neste helg skal eg ut å feire med vennindene, og me skal truleg vere her før me reiser ut. Det blir kosleg :) 

Bandet i bygda skal spele opp til fest på Haflso, og me skal vere klar! 

 

 

Det blir kanskje ei lita treningsøkt seinare i dag, om dei har fått rydda vegen etter raset som gjekk her i dag tidleg.

Heldigvis blei ingen skada.

 

Håpar alle har hatt ei fin helg! :) 

 

M.

Proteinrike pannekaker + Matinspo


Goo kveld! 

 

Betre seinte enn aldri! 

 

Gårsdagen gikk so fort forbi at eg rakk ikkje oppdatere dykk. 

Eg posta eit pannekakebilde på insta, som var kveldsmaten i går, dei vart supergode! 

 

Eg vil dele oppskrifta med dykk her. Dei er proteinrike og saftige! 

 

Proteinrike panneaker

 

30 gr proteinpulver, cookies and cream smak/ bruk den smaken du vil

1 egg

30 gr havregryn

1 ss kokosmel

1 ss mager kesam

1 ts fiberhusk

3 ss sukrinmelis

Litt kardemomme og litt kanel

vatn til passleg konsistens. Den skal vere litt tjukk :) 


Server med lag på lag med mager kesam eller lett rømme og med sylte på. 

Supert om du pyntar med friske bær eller frukt, då ser det ennda meir innbydane ut :) 

 



 

Har du ikkje proteinpulver kan du enkelt erstatte dette med ei ss feittredusert mandelmjøl og eit par ekstra eggekviter. Der er det masse protein å hente :) Om du vil ha litt ekstra smak i dei, kandu tilsette ei most banan f eks.



 

 

Har fåttt litt dilla på havrebrød til frukost i desse dagar. Eg varierar ofte med kva eg har i, men det virkar som dess enklare dei blir, dess betre blir dei :) 

I dag brukte eg 40 gr havregryn, 1 egg , 1/2 ts bakepulver, salt, ca 1 ts fiberhusk  og litt timian. Eg tilsatte vatn og lot den stå litt til den hadde tjukna. Smører klattar på panna og steiker på medium varme. Skinke ost er skikkeleg godt på desse, samt avkokado! Det er mine favorittar :)  Under pålegget her har eg skinkesmøreosten frå Kavli.

 




 

 

Styrkeøkta tok eg etter kiropraktor timen i dag, begge deler gjekk vell ikkje so bra, men det fortel eg om ein anna dag :) 

 

Etter jobb gjekk eg og Rikke ein kjapp tur med Lilo før det blei mørkt ute. Etterpå måtte eg lage noko kjapt før det bar vidare til butikken for å handle ingrediensar til oreokake til bursdagen min i morgo :) Rikke lagar verdens beste oreokake, so ho sto for ansvaret av den. Heldig som eg er ;) 

Middagen blei karbonadedeig med søtpotetchips steikt i micro. So godt og so enkelt! 









 

Ei som blei litt trøytt av all den kakekrem sleikinga av gulvet som me søla her og der, hehe :) 

 

Har fri imorgo, og det skal bli hærleg!  Eg skal nyte dagen! :) 

 

 

M. 

 

Sunnere sjokolade is


Go kveld! 

 

I går før eg reiste på trening, testa eg ut is laga på fryst banan. Har hatt lyst å testa det lenge, og det blei ein slager! 

Det var masse smak i isen, og minte veldig om vanlig lett is! 

Blir ein gjentagelse før trening i dag og ;) 

 

På bilda brukte eg berre 1 banan, men du kan godt ta 2, for det blei litt lite!

 

 

Sunn sjokolade is

 

2 bananer som er oppkutta og fryst i 3 timar på forhond

1,5 - 2 ss sjokoladeprotein

1 ts sukrinmelis

1/2 ts kakao  ( kan kuttast ut ) 

Ha alt i ein foodprosessor til alt er godt blanda. Det kan hende du må opne lokket og dytte det litt ned igjen på sidene og mixe ein gong til.  Ta ut med skei og nyt med ein gong. 

 



 

Den blei krema, fyldig og god!

 



 

Gåturen med Lilo fekk vente til litt seinare ikveld, var altfor svolten etter jobb til å ut å gå.

Dagens kjappe middag blei  karbonadedeig,asparges bønner, speltlomper. Enkelt og godt! :) 





 

 

 

Seinare skal eg teste økt 2 av den nye planen. Det står at eg skal trene bein, men det blir bytta ut med støtteøvelsar til kneet. Samt magemusklane skal få kjørt seg i dag trur eg. 

 

No først, blir det ein halltime ute med Lilos :) 

 

Ha ein fin kveld! 

 

M.

Kvardagsvaffler og middag på 1-2-3


Go kveld ! 

 

Sorry for sein oppdatering ikveld, dagen har gått i eit so eg rekk ikkje blogge før no.

 

 

 

 

 

Treniga gjekk litt tungt i dag. Repsa på øvelsane har sunke, som vil sei at eg må løfte tyngre også. Det sleit meg meit ut enn eg trudde. På dei siste øvelsane hadde eg minimalt med energi og ville berre bli ferdig.

 

Då eg kom heim etter jobb i dag var eg hålsvolten, so eg orkte ikkje steike noko kylling osv. Det blei 2 speltlomper med ei pakke med kyllingskinke og avkado på. Det er min type fast food :) Minst like godt..



 

 

Til frukost i dag lage eg ein vri på havregryna mine. Eg valgte å gjere dei om til vafler. Dei blei gode, men passar best til pålegg då dei ikkje er spesielt søte. Men det var nettopp det som var meininga med oppskrifta og :)  Eg lagde dobbel oppskrift slik at eg har 2 dagar på rad. 

 

Kvardags vafler

(dobbel ) 

 

80 gr havregryn

1 egg

1 eggekvite

1 scoop easy bake ( bakeprotein, kan erstattes med vanilje proteinpulver ) 

1/2 ts bakepulver

salt

litt kardemomme

1 ss sukrinmelis / sukrin

1 ts fiberhusk

Vatn til passleg tjukk røre. Lat ho svelle litt før du hell på vaffeljernet.

 

Dei var svært gode meg peanøtsmør på, det å eg berre få sagt ;) 

 

Desse er det masse protein i, og gode langsome karbs fra havregryna. Perfekt til frukosten eller til seinare på dagen ! 

Denne røra kan du og sikker prøve som pannekaker! 

 

Følg meg gjerne på instagram der eg deler masse forskjellig innan mat og trening :)   @marlen_naess 

 

Eg prøvde og noko godt til Preworkout måltid i dag, det skal eg dele med dykk imorgo, det kjem til å digge det ;) 

 

Natta finingar! 

 

M.







 

Havreskiver


 

 

 

Som eg lova i første innlegg i dag, skal eg dele oppskrifta på havreskivene eg lagde i dag tidleg.

Desse er enkle å lage og kan lages til frukost og kvelds istaden for brød. 

Brukar du gluten frie havregryn er oppskrifta glutenfri.

 



 

Kjøpte ein nyheit i phiadelphia serien, med urte smak. Denne var god! Ser nesten ut som brie når du tek den opp :) 















Havreskiver 2 stk.

 

20 gr havregryn

20 gr havremel

1 eggekvite

litt salt

1 ts sukrinmelis /sukrin/splenda

1 ts fiberhusk

Vatn til tykk smørbar røre.

Rør alt i samen og lat den stå nokre par minuttar før du lagar 2 klatter på panna som du flatar ut. 

Steik til dei blir gylne og dryss over litt havsalt. 

 

Desse går fint ann og doble røra på og fha i kjøleskapet slik at du har eit par dagar om du har dårleg tid om morningane til å stå å lage istand :)

 

Kjempegode og kan brukast til alt slags pålegg ! 

 

 

 

#havreskiver #havrebrød #sunnmat #bakst #matglede #matprat #fitness #kosthold #havregryn

Resturant og kinokos


Heisann! 

 

I går var eg,søsta og dei andre jentene ute på resturant og åt ein kjempegod middag, etterfulgt av Kingsman på kino. Den var kjempebra og anbefalar alle å sjå han! :) 

Om du ikkje er fan av voldscenar blir den ikkje noko stor hit, for dei var det nok av :)

For første gong smakte eg planksteak, som btw var fantastisk der ute på "Naboen" ! Har alder fått servert so perfekt biff før. Heilt amazing.. For å ikkje snakke om den super gode heimelaga potetstappe med god smak av smør og salt! Det er so godt når det blir so skjeldent :)

 

 






 

Kinokos må mann ha uansett. I går blei det sukkerfri redbull,1 uestbar og ei lita lakrisstang :) 



 

Sorry for dårlige mobilbilder..

Kom ikkje heim før halv 12 ca. men det var ingen grunn til å legge seg;) Blei heller sittande oppe litt og såg ferdig ein film og koste meg med dette ! 

 

 

 

Frukt, 1 yoplait med sitronsmak og 1/2 questbar i bitar på toppen av frukta.

 

Må sei eg var veldig flink til å velge sunnare valg denne lørdagen enn eg pleier. Som regel pleie alt muleg gå ned på høgkant :) 

 

Hadde egentleg tenkt å ta morgenkardio ute i dag, men det er so masse vind ute at eg lot det vere. Eg stikk ein tur ut seinare før stykeøkta :) 

Eg har no vore utan beintrening i 1 månad no! Herregud, eg er lei. Musklaturen har skrumpa seg inn, men eg passar på at proteininntaket er høgt, slik at eg ikkje mistar so masse muskelmasse. Om eg veke kan eg begynne oppatt trening med forsiktig belastning.

Det eg gjer av beinøvelsar no er rygghev, der eg fokuserar på å løfte med hamstring og rumpe. Litt strakmark med lett belastning og kickbacks. Låra får kjenne litt på desse øvelsane, men det er ikkje mykje.

Var liksom føttene eg skulle fokusere på no framover, men det må eg berre utsetje. 

 

Neste veke startar eg på fase 3 i programmet mitt.

Det blir 3 treningsøkter  i veka, med meir utvalg av øvelsar. Skal poste dette programmet ein gong til seinare. 

Eg skal poste eit innegg seinare om havrebrøda eg hadde til frukost i dag, dei var kjempegode! For ein snik titt so kan du besøke instagrammen min @marlen_naess 

 

Håpare alle får ein fin søndag! :) 

 

M. 


 
 

 

 

Enkle mattips og lørdagsmodus


Heihei, og good lørdag! :D

 

Helga starta med ein soltime rett etter jobb idag. Hærleg å kjenne litt varme på kroppen! 

Vinterbleik som fy no.

 

Kom heim og var meeget svolten etter å ha stått opp tidlegare enn eg er vandt til i dag. Det blei ein liten lunsj på jobb da sjølvsagt. Denne skrotten må ete minst 3 kvar time! ;)

 Det som blandt anna var igjen i kjøleskapet i dag var speltlomper og ein liten bit med kyllingfilet. Som minte meg på at eg må på handling i dag..

Derfor blei det ein enkel men digg lunsj nr. 2

 



 

Ser fram til i kveld, skal ut og ete med girlsa etterfulgt av Kingsman på kino. Ein god biff i kveld skal ikkje bli feil! :) 

 

Over til mattips nr2. Gårsdagens kveldsmat blei spekeskinke med egg og grønt. Nam. Igjen , plukka litt av det som var igjen i kjøleskapet :) 

Spekeskinke er proteinrikt, magert men inneheld ein del salt. Men skikkeleg snaddermat slik inni mellom ;) 





 

Lilo leikar og knaskar på ei tomat imens. Tydlegvis kan ei cherrytomat vere mykje moro med! 



 

No skal me ut å lufte skrottane våre litt før eg hoppar i dusjen og gjer meg klar til i kveld.

 

Håpar alle får ein fin lørdagskveld! :)

 

M.

Tacosalat med søtpotetchips - Og mine faste vitamin tilskudd


Heii

 

I dag har eg treningsfri, gjekk 45 min med Lilo rett tter jobb, det blir treninga for i dag. Skulle vell ha vore å sykla litt,men eg strekk ikkje til ikveld. Kanskje eg burde få tak i ein sykkel å ha heime, køyreturen ut i Gaupne føles ofte altfor lang. :P Då vinn sofaen. Vertfall for ikveld.

Eg har fortsatt treningsverk i rygg og skuldrar, so like greit eg ventar til i morgo med å trene tungt på dei områda igjen.

 

Middagen i dag etter gåturen blei taco med søtpotetchips.

Karbonadedeigen krydrar eg med organisk tacokrydder utan sukker. Ved sidan av har eg mais,avokado,agurk,paprika og sylteagurk.

Søtpotetchipsa kuttar eg i tynne bitar og steiker i microen på full guffe i rundt 8 min, eller til du kjenner dei blir heilt stive etter 1 min med døra open på microen. Dei blir stivare når kald luft slepp til, har eg skjønt ;) 

 

 

Rotta i bakgrunn står alltid ved sidan av meg på kjøkenet og ser på eg lagar mat. 

 



 

Tilskudda eg tek om morgonen er alltid omega 3 og 3 tablettar med magnesium.

Desse 2 tinga er viktige for deg som holde kroppen sunn, og om du trenar styrke :) 






 

 

Ein av favorittane mine på øyra no for tida er Rihanna og Kanye West. Rihanna er og forblir min store favoritt sidan ho starta. Elskar den dama der! Girlpower.

 



Ha ein fin kveld :) 

 

M.

Søtpotet favoritt


Heisann.

 

Har nettopp shina huset litt og preppar lunch til i morgo. Slappar av litt med ein te kopp før det ber vidare til styrketreninga. Det blir nok seint før eg blir ferdig ikveld, men det går fint :) 

Går med litt hovudverk om dagane på jobb, men det trur eg er grunna at eg har kutta ut karb til lunsjane. Et heller karb før trening og rett etter :) Det er berre tilvenning som skal til.

Frukosten er god å spise då, når det er karb som hovvudkilde. Havregryn og egg står på planen :) Og godt er det! 

 

Alltid med ein dasj mandelsmør! No er eg straks tom, so må kjøpe inn meir mandlar og lage meir. Denne gangen med litt meir smaksopplevelse :) 

 

 

    

 

 

Denne rotta var enormt trøtt idag.

 



  

 

Dette blir som regel middagen om dagane. Kylling,søtpotet og grønnsaker. Glømte avokadoen i dag :( Det er kjempegodt med dette! 



  

 

 

 

Imens eg har blogga litt, har eg pakka baggen og er klar for trening. Er virkeleg klar for ei go økt i dag kjenner eg, fargerike treningstøy gjer susen! :D

Flyg i bilen med ei banan i handa no, see you! 

 

M.

POSTWORKOUTMEAL TIPS OG DAGENS ØKT


Hei folkens! 

 

Ah, i dag fekk eg komme skikkeleg inn i rutinane igjen. Mat, trening osv. etter 5 dagar med fest, fyll og masse junk  i matvegen. Men digg har det vore og kroppen min har godt av ein real itskeiing innimellom trur eg, striks som eg er til kvardags :) 

 

Uansett, rett etter jobb i dag, tok eg med meg Lilo på ein liten times gåtur ute. Deretter var det inn med ein kjapp middag, kose litt med Lilos før eg reiste på trening igjen. Bestemte meg for å velge det nærmaste treningsbygget, som blir brukt av strongman gutta her i bygda. Det er 3 min frå huset mitt med bil. Det er begrensa med utstyr, men det er det mest nødvendige der. Programmet eg trenar til no, får eg gjort der nede då det meste er baseøvelsar og ved bruk av manualar.

 

Dette sto på programmet i dag : 

 

Benkpress 3x10

Skrå flies 3x10

ståande roing 3x12

nedtrekk  3x12

Militærpress  3x9

sidehev  3x12

hipthrust med 15 kilos vekt  3x max

Situps

planken

 

 

 

Etter trening var det rett heim og hive i seg denne godsaken her! :D

 

Det smakar risengrynsgrøt uten proteinrøra ! 

 

Her kokte eg opp 50 gr jasminris med litt salt. Når den er ferdig kokt, har eg litt kanel og sukrinmelis i og rører rundt.

Har du ein liten melkeskvett oppi vil eg tru det smakar AKKURATT som graut! :) Men det er supergodt utan og :) 

For å få proteinane inn, blanda eg 1 scoop sjokoladeprotein med litt vann till tjukk røre og heller over. Alt blir betre om du dryssar litt havsalt øve.

Kokte opp dobbel porsjon, slik at eg har til etter treninga i morgo òg.





 

No skal eg finne noko bra på tvèn å ete kveldsmaten min, som er ovnsbakt laks, 1 egg og grønsaker.

 

Natta folkens!:) 

 

M.

 

 

 

HANGOVER


Hei !

 

Denne helgitok eg meg fri frå blogging. Ein gjeng på 24 reiste til Beitostølen for  ei helg med fest, fyll og fanteri! 

Hytta vår var kanonfin, 2 etasjar, boblebad, badstu, svæært jacuzzi ute, heilt kanon ! 

Det har vore like kjekt kvar morning og sjå kva som var på kameraet mitt, då folk gikk rundt og tok bilder av det som var. Det meste får bli på det trur eg, men dei finaste deler eg her seinare ;) 

 

Gårsdagen tok dei fleste seg fri frå alkoholen, og spelte spel og koste seg istaden, med ei og anna øl. 

Herleg og vakne opp edru og fin i dag, sjølv om eg fortsatt er fyllasjuk etter dei andre 2 dagane.

Kroppen treng lang tid på seg for å bli bra att kjenner eg. Masse sukker og dritt er i kroppen, kjenner berre den higer etter meir, haha uff :)  Hadde planlagt ei økt seinare i kveld, men kjenner at sofaen fristar mykje. 

 

Desse glade jentene sat på  med meg til Beito.



I vertfall 1 skitur fekk me til der hite. Flott vær og flott føre! Me kosa oss :) 

 

Etterpå venta lunch på  Peppes.

 





Gjett om detvar ei som var  glad eg kom heim, eg har sakne snuppa mi! 

 

Denne veka skal det vertfall ikkje stå på treningsinnsatsen - Den skal vere på max! Etter dagar med masse god mat, karborik mat, er musklane fylt opp for å brukast. Veka som kjem blir det nok litt lavkarb trur eg, for å klare tømme kroppen litt for litt vatn. :)

Vell,vell. På tide med ein time på augene kjenner eg.. 

Håpar alle har hatt ei fin helg ! 

 

 

Pushups og pulverfri


Heihei!

På søndag hadde eg treningsfri,  og brukte dagen på avslapping og foodprep. Mellom matlaginga  fekk eg eit påfunn å prøve 100 pushups på kortstast mogleg tid. Det var tungt, og eg landa på 14.09 min. Absolutt rom for forbedringar, neste gong har eg som mål å slå denne tida. :)

Dagane i etterkant har eg vore heilt øydlagd i magemusklaturen på sidene. Det er SKIKKELEG ømt å ta på, so det er ingen tvil om at denne tek på magen! Pushups er undervurdert, og er absolutt bra for kroppen :)

I dag har eg  ny time for kiropraktoren. Er veldig spent på kva ho vil eg skal gjere framover. Kjedeleg  å gå slik.

Frå i går av har eg kutta ut proteinpulver og andre behandla matvarer, for å vere heilt sukkerfri og for å rense kroppen litt med naturlege mat. Det varar nok berre til torsdag då me skal til Beitostølen ein gjeng i helga:) Der blir det nok alt anna ein rein mat til tider;)

Gårsdagens ettertreningsmåltid blei difor 100 gr kylling og 40 gr ris. Var vanskeligare  å svelge dette enn den vetle proteinrøra med riskaker eg pleier  å ha:)

Det vil sei at det blir større matmengder på meg då pulver og div blir vekke. Men det går fint, denne magen er alltid svolten :)

Ha ein fin tirsdag vidare !:)

M.

FASTELAVN


 

Første forsøk på søte sunne bollar til Fastelavn, som eg trur blei ein liten fail. Me fulgte Kristine Weber si oppskrift av bollar etter punkt og prikke, men dei vart verken aldri ferdige, eller heilt vellykka med fargen, hehe :) Men dei var gode på smak, sjølv om dei kan sjå litt svidd ut!  Dei var altså ikkje det :)

 Skal prøve lage mi eiga oppskrift på søte bollar seinare, når eg får tid. 



 

Her med jordbær krem som eg laga av gresk yoghurt med vanilje smak, og ei lita ss med jordbær protein fra Fitnessguru.com

Me strødde på litt sukrinmelis på toppen.

Oppskrifta finn du på kristineweber.blogg.no

Kanskje du klarar få dei til betre enn det me gjorde ! ;) 


 

Rikke hadde sin med ekta krem og syltetøy. Tippar hennas var litt betre på smak enn min, då det blei nærmare ekte vare :) 

 

1 slik bolle skal inneholde 100 kcal.

(utan kremen da ;) ) 



 

 

Valentine`s


Hei! 

 

Hadde de ein fin valentine`s i går? Kanskje nokre fremmade friarbrev ? ;) 

Det var det lite av her i huset, haha, einaste broremann so hadde lagt igjen ein overraskelse til meg og søsta i leiligheten :) 

 

3 raude roser <3

 

 

Valentinsdagen blei feira heime med god mat og godt selskap.

Eg og søsta lagde til biff med bakt potet og soppstuing. 

Bakt potet med kvitløkssmør,seterrømme og mais var veldig godt som tilbehør! 

 

 




 

Ein skikkeleg god biff middag er helmaks til tider :) 

 

Etter middag var det tid for litt kos, kan ikkje forklare kor god denne kalde øla var. 

 

 

I dag har me drege oss litt på sofaen, med treningsmotivasjon på tv`en.

 

Ein liten tur i sola har me òg fått til.

 

Lilo storkosa seg no når snøen er vekke.






Det er fasteavn i dag, og mange kosar seg nok med bollar og krem i dag:) Me hadde planar om å bake me og, men har ikkje komme so langt ennda. Kanskje me finn krefter til det i løp av dagen ;) 

 

Ha ein fin dag alle saman! 

Pannekaker med sjokokjeks biter


Heei! 

 

I dag har eg forhondsblogga litt, innlegget er frå dagen i går nemleg :) 

Når eg står opp om morningane og har sminka meg og er klar for å lage grauten min, er det alltid ei som snik seg under den fortsatt varme dyna mi, og kosar seg der til eg må dra ho ut so ho kan få lufte seg litt.

Skjønnar godt kvifor ho trives begravd under dyna. Sjuvsovaren min <3 

 





 

 

Etter treninga i går lagde eg proteinpannekaker til kvelds, med ein liten vri :) Dei blei kjempegode og eg deler oppskrifta her :) 

 

Proteinpannekaker  med "sjokokjeks"

 

I ein blendar/foodprosessor puttar du i: 

3 eggekviter

20 gr havremel / havregryn

10 gr kokosmjøl

10 gr mandelmjøl

20 gr bananprotein - Eller sjokoladeprotein, alt etter kva du likar best

4 ts sukrin

litt kardemomme

3 dryss kanel

litt salt

1/2 ts fiberhusk   -  Eller litt meir mjøl

Litt vatn - Prøv deg fram her. Det skal lite til sidan det allerede er væske fra eggekvitane.

1 ss mager kesam

 

Blend alt saman, lat den gå litt.

Imens varmar du opp panna på middels varme.

 

Deretter tok eg 1/3 av ein cookiedough questbar og skar i  bitar. 

Hell på røre på panna, og ha på nokre bitar med proteinbaren med ein gong. Steik til dei blir gylne.

 

Eg fekk ca 6 middels pannekaker tilsamen. 

 


 

Lilo lurer på kva som luktar so godt på kjøkenet :)



 

 

Eg  hadde litt jordbær og pannekakesirup frå Walden Farms på. Nam! 

 





 

Her ser du kakedeig bitane som forresten kan bli veldig fort svidd om dei er for store og ikkje blir like høge som pannekakene blir når du hell dei i panna :) 

 

Istaden for cookiedough bitane kan du ha i mørke sjokoladebitar istaden for om du vil. Eller du kan prøve med andre typar proteinbarar. Det er godt når pannekakene får litt ekstra tyggemotstand og smak :) 

 



 

Imens de les dette er eg nok på jobb.

 

Håpar alle har ein fin valentines day aften! :)  Kanskje desse kan lagast til kjæresten på ein slik fin dag om han/ho er opptatt av eit sunt kosthald ?;) 

 

 

M.

Motivasjon


HEI ! 

 

Kjiker innom for å gje dykk litt motivasjon i dag :) 

Eg er straks klar for ein liten runde med styrke. Eg har vore litt slapp på trening dei siste dagane, so eg har laga ein liten motivasjonskolasj til fordel for meg og dykk ;) 

 

Kva gjer deg motivasjon ? 

 


 

 

 

Plutseleg fikk eg lyst til å trene, å ta vare på kroppen når eg såg desse bilda! 

 

Gledar meg nesten  meir til  etter trening, eg ska teste ut ei ny pannekake oppskrift  som eg fekk inspirasjon frå på youtube. Det blir ein liten overaskelse i dei, gledar meg til å dele om det blir vellykka  ;) 

 

Ha ei fin økt på trening, for de som er like treige som meg ! :) 

 

M.

Gledespakke og muskelmat


Heihei! 

 

Wohoo, endeleg var pakken fylt med 16 forskjellige Questbars her! DIGG! :) 

Gledar meg til å teste smakane eg ikkje har smakt ennda. Barane fekk eg tak i på www.tights.no

 





 

Min store favoritt er cookiedough. Kva er din ? 

 

Lørdagssnopet er redda! ;) 

 

Over til dagens middag, 200 gr potet i skiver stekt i ovenen og kylling. I dag blei potetskivene perfekte! Du må ha dei i midten av ovnen for at dei skal bli sprø på begge sider. 

Eg krydra med salt, pepper,timian, pizzakrydder  før eg hadde dei i ovnen i rundt 17 min på 200 gr.

Imens steikte eg kylling og aspargesbønner.

 

perfekt preworkout mat før trening seinare ikveld. Dei størte mengdene med karbo et eg som regel om morgonen,middagen og rett etter trening. Kveldsmaten og lunsjame prøver eg kjøyre lågare, då kroppen ikkje treng so mykje karbo og energi då.

 



 

 

Ein del av kveldsmaten min i går, var denne skåla med godsaker i. 1/2 boks yoplait yoghurt, grapefrukt,banan,jordbær, nøtter og mandelsmør og ei lita ruta mørk hakka sjokolade. Til tross for at eg hadde treningsfri igår falt eg for fristelsen ;) 

Til vanleg pleier eg ofte hakke opp litt proteinbar å ha på. No har eg fått eit lass igjen, so sjokoladen skal eg stå over neste gong :) 

Godt var det! 





 

Eg er gira for kveldens økt,spent på om eg gjer det betre i dag enn forrige økt. 

 

Snakkest ! 

 

M.

Restday og middagsfavoritt!


Heeia :) 

 

Det er allerede onsdag igjen , gud kor tida flyg, no er det snart helg igjen! :D 

Fekk testa mandelsmøret mitt i havregrøten i dag, mmm nydeleg !

 


Ikkje det vakraste bildet men, lovar dykk at heilheten såg verre ut enn dette nærbildet ! 

Den blei kokt i micro i dag, enkelt og greit.

 

Eg har jobb helg, men etter det skal det bli godt å slappe av. Eg har plagast med skuldrar og nakke heile denne evka, tigerbalsam er min beste vèn akkuratt no. Lørdagen skal eg ha valentinsdate med Ben and Jerry`s i sofaen trur eg ;) Gledar meg stort! 

Det er fastelaven på søndag, so kanskje eg kjem til å teste ut ei bolleoppskrift for dykk i forbindelse med det! Fastelavens bollar er jo snadder, EKTE sukkerrike bollar vel og merke :) Me får sjå kva variant eg velge;) 

 

Eg har teke fri frå trening i dag, og startar på`an igjen i morgo. Etter middagen i dag tok eg meg sjølv i nakken og støvsugde og gjorde litt heimevask. Gulvet står fortsatt igjen , det får bli litt seinare ikveld. Akkuratt no følte eg for å dele denne supergode middagen  med dykk. Det er speltlompe vaffelen eg har blitt so glad i. Laga som toast :) 

Inni desse to toastane har eg grilla kylling,pesto,hamburgarrygg og lettost. NAM! 

 

 

 

No skal eg snart pakke på meg ull å gå ein tur med Lilo.

Ha ein fin lillelørdag ! :) 

 

M.

 

Les mer i arkivet » Juni 2015 » April 2015 » Mars 2015



Hei! Denne bloggen handlar om kvardag, trening, kosthold og motivasjon. Håpar på god respons og at du likar bloggen :-)


For kontakt/sponsing:
fitnaessblogg@hotmail.com







hits